OM BERGSØY BLANDAKOR:Bergsøy Blandakor vart skipa i 1971, og fleire av medlemmane våre har vore med heilt sidan starten.
For nokre få år sidan var medlemstalet dalande og nyrekruttering syntest vanskeleg. Men så snudde trenden, og i dag tel vi over 60 medlemmer. Songarane kjem ifrå mange av bygdelaga i Herøy, samt ein flott gjeng frå Sande kommune. Korflyktningar kallar dei seg.
Bergsøy Blandakor har eit allsidig repertoar, vi likar å synge både kyrkjemusikk og musikk av den lettare sjangeren. Vi likar å opptre, og er ikkje vanskeleg å be om å ta del på tilstellingar rundt omkring.
Har du lyst å syngje i lag med oss, er det berre å ta kontakt.